Kva treng du av verktøy?

For å flette ei korg treng du ikkje mange verktøy, men nokre få er kjekt å ha.

Dette må du ha:

  • Kniv.
    Eg anbefaler mora spikkekniv, den er billeg og av od kvalitet.
  • Saks.
    Den må vere skarp. Eg anbefaler felco nr 6. Om du berre skal ha ein saks er denne fin, den er kraftig nok til større pil, til å sanke pil, men den er også liten nok til å klippe reint. Felvo saksene kan også slipast som gjer at dei varar lenge og er verd investeringa.
  • Stein
    Den må passe inni korga, vere litt flat på undersida, gjerne eit par kilo tung.
  • Syl
    Du må ha ein slags syl for å flette kanten.
  • Sykkelslange / tråd
    Du må ha noko å knyte opp stakene med. Sykkelslange funker best, då den ikkje sklir.

Kjekt å ha

  • Banketre/ bankejern.
    Det er fint å banke på kimningen for at flettverket og korga blir stram og solid. Du kan sikkert finne ulike ting å banke med.
    Om du har eit banketre kan den også brukast som "skjereunderlag", nyttig i ulike samanhengar.
  • Klesklyper
    Kjekt for å halde styr på sideflettinga

Eg sel verktøyskit til korgfletting.

Sjekk ut:

https://www.krokvokst.no/produkt/verkyoyskit-til-korgfletting/



Complete and Continue