Intellektuell inspirasjon
Eg brukar korgveskene mine aller mest til å drasse rundt på bøkar. Nokre les eg litt i, nokre skriv eg i, men dei fleste: har eg lyst til å lese!
Eg vil gjerne dele noko av min intellektuelle inspirasjon for å drive med korgfletting, for kvifor flette ei korg i dag? Sjekk gjerne ut nokon av desse bøkene om du er interessert!
For meg er det skaparglede, det er kontakt med materialane, kontakt med natur, naturen i meg sjølv, og det er «aktivt håp».
Ein fantastisk bonus med korgfletting er jo at du faktisk må vera heilt tilstades for å kunne flette, med alle sansar. Etter mange års fletting kjenner eg meg alltid meire "på plass" i meg sjølv etter å ha fletta i nokre timar, og eg trur absolutt at flettinga og handverket har hjelpt meg på mange andre område i livet ann akkurat berre i handverket. For erfaringane kan overførast på mange plan.
Det er mykje som kan seiast om kopling mellom hender og hjerne, er du interessert kan eg til dømes anbefale boka "Craft Psykologi, Sundhedsfremmende effekter ved håndarbejde og håndværk" Av Anne Kirketerp.
Elles treng du ikkje lese, du kan berre erfare den positive effekten handverk har sjølv!
Å flette ei korg i dag er ein sunn motsats til alt det masseproduserte, strømlinjeforma, alt som skal gå så fort så fort i vårt samfunn. Det er å stresse ned, ta seg tid til å vera, skape og tenkje. Og korga i seg sjølv: å flette ein beholder av naturmaterial, er for meg symbolsk og vakkert på så mange plan. Eg håpar du får same oppleving!
Er DU klar for å flette di eiga korg?
Lykke til!