Kursinnhald.
Dette er eit veldig fint kurs for deg som har lyst til å prøve pilefletting for fyrste gong, eller har fletta litt før.
Kurset tar deg gjennom heile prosessen frå pil til ferdig korg, og du får mange muligheter til å variere og designe ditt prosjekt!
Du får også kunnskap om Materiale, høsting, tørking, bløytlegging og verktøy.
Om korgveske: Korga tar utgangspunkt i ein firkanta botn, som gradvis oppover korga blir ei oval form. Teknikken er inspirert av Katalanske korger. Dette er eit veldig interessant og flott prosjekt, som kan varierast mykje i forhald til størrelse, form, fargar, fletteteknikk og funksjon. Ein kan montere to handtak i lær, eller eit lenger til å bli skulderveske, eller du kan finne din unike pinne til trehandtak.
Du lærer også å lage opne grep, og mange ulike teknikkar for å vidareutvikle korgtypen, til dømes fleire typer sideflett, og korleis flette større botn for å for eksempel flette serveringsbrett i pil.
Kurset passar fint til nybyrjarar. Om du har vore på pileflett kurs før og fletta korg på rund botn, vil dette vere eit fint kurs for å lære ein annan, og litt meir effektiv måte å bygge opp ei korg på.
Kva treng du for kurset?
Pil.
Du treng pil. Du kan kjøpe materialepakkar hos www.krokvokst.no, som er tilpassa nettkurset, eller du kan skaffe pil sjølv på andre måtar. Du kan også sanke selje eller pil sjølv.
Verktøy:
- Ei beskjæringssaks, for eksempel felco nr 6
- Ein spikkekniv
- Eit banketre/jern
- Ei syl
- Ein stein
- Tråd, eller helst sykkelslange
- Nokre klesklyper kan vere kjekt
Treng du verktøy? Du kan bestille verktøyskit til peilefletting på www.krokvokst.no
Kursinnhald
- Kimning (10:10)
- Skjøte kimning (4:17)
- Troubleshooting - pila knakk (1:18)
- Jobbe med form: styre staker (2:57)
- Start sideflett (dobbel fransk) (4:51)
- Sette inn siste flettepil og sideflett (6:12)
- Avslutte sideflett (4:40)
- Andre kimning (8:26)
- Variasjon: Trehåndtak (6:25)
- Legge kant (8:20)
- Avslutte kant (8:21)
- Klippe kanten og korga (3:15)
- Om variasjonsmuligheter
- Skulderveske: planlegg størrelse og form. (4:44)
- Varier med ulik sort pil på sidefletten. (eksempel: trippel fransk sideflett i to fargar)
- Variasjon: ulike effektar med fargar på sideflett (2:20)
- Variasjon: Varier med sidefletten, kimningen og form. + Tips skulderveske. (7:15)
- Variasjon: Sekk!
- Introduksjon: fleire teknikkar i prosjektet serveringsbrett (1:05)
- Stor botn, annan oppbygging (11:29)
- Fullføre stor botn (7:04)
- Snitte staker, og sett dei inn på kortsida (5:28)
- Brette opp staker og knyte (3:26)
- knyte del 2 (1:20)
- Enkel fransk sideflett (5:52)
- Sette inn enklel fransk sideflett del 2 (2:41)
- Flette enkel fransk sideflett og justere knute (7:28)
- Flett betre kimning! (5:25)
- Skjøte kimning, banke og lage opne grep (7:03)
- Legge kant, del 1 (11:11)
- Legge kant, del 2. Avslutte kant (10:01)
- Klippe reint (3:24)
Korger med trehandtak...
Skuldervesker...
Vesker med lærhandtak...
... Og mange muligheter for å vidareutvikle desse teknikkane.