Kva treng du av verktøy?
For å flette ei korg treng du ikkje mange verktøy, men nokre få er kjekt å ha.
Dette må du ha:
- Kniv.
Eg anbefaler mora spikkekniv, den er billeg og av od kvalitet. - Saks.
Den må vere skarp. Eg anbefaler felco nr 6. Om du berre skal ha ein saks er denne fin, den er kraftig nok til større pil, til å sanke pil, men den er også liten nok til å klippe reint. Felvo saksene kan også slipast som gjer at dei varar lenge og er verd investeringa. - Stein
Den må passe inni korga, vere litt flat på undersida, gjerne eit par kilo tung. - Syl
Du må ha ein slags syl for å flette kanten. - Sykkelslange / tråd
Du må ha noko å knyte opp stakene med. Sykkelslange funker best, då den ikkje sklir.
Kjekt å ha
- Banketre/ bankejern.
Det er fint å banke på kimningen for at flettverket og korga blir stram og solid. Du kan sikkert finne ulike ting å banke med.
Om du har eit banketre kan den også brukast som "skjereunderlag", nyttig i ulike samanhengar. - Klesklyper
Kjekt for å halde styr på sideflettinga
Eg sel verktøyskit til korgfletting.
Sjekk ut:
https://www.krokvokst.no/produkt/verkyoyskit-til-korgfletting/