Tvinn din eigen tråd av lokale planter du kan sanke sjølv!

I denne videoen viser eg deg korleis du kan tvinne tråd av sverdlilje og maisblader.

Dei er sanka i hagen i midten av februar, så dei har ligge lenge ute. Materiala hadde vore vakrare hadde eg sanka dei tidlegare på hausten og tørka dei direkte, slik at ikkje forreåtnelsesprosessen hadde kome så langt.

Videoen skal vere ein INSPIRASJON! Prøv deg fram med ulike fiber. Mange fiber, som til dømes lin og brennesle må bearbeides litt for å mjukgjere fibrane, bankes, børstes, men du kan tvinne på same måte. Lindebast må bløytleggast i omlag 3 månedar før den er klar. Du kan då tørke basten for lagring, og bløytlegge den i ei bøtte litt før du skal tvinne.

Prøv deg fram med tørking, og kor lang bløytleggingstid du treng, ulike fiber vil trenge ulik tid i vatn før den er klar. Du kjenner det fort når fibra er klare, og ikkje for tørre og sprø.

Lykke til!


PS; legg gjerne ut bilete av prosessen og tag med #krokvokstkurs så kan du vere med på å inspirere fleire til å bruke lokale material! Og det hadde sjølvsagt vore moro å sett om nokon får til å tvinne tråd i ulike material!=)

I handa held eg sjøsivaks som er tvinna.

På bordet til venstre ligg det gras, rullen er i ull, på midten (det lysebeige) er lindebast, og til høgre ser du sjøsivaksa.

Complete and Continue