Inspirasjon! Eksempel på mønster- bilete
Her kjem litt inspirasjon!
Eg har laga stolar og krakkar i mange år, med fletta sete, og vil gjerne vise deg nokre eksempel på ulike mønster i seteflettinga! Føl deg fri til å kopiere flettemønstera, eller følg framgangsmåten til dei ulike mønstera som blir demonstrert under kurset!
Tar du dette kurset får du nok grunnleggande kunnskap til å sjølv kunne eksperimentere med nye mønster og ulike material.
Del gjerne bilete frå din prosess eller ferdige stolsete med emneknaggen #krokvokstkurs, det hadde vore veldig moro å sjå kva de finn på, og korleis det går med setene dykkar!