Sanking av never
Neversanking
Tidspunkt.
Du kan sanke never på sommaren, rundt sankthans. Då glepp nevera frå treet lett.
Tidspunkt avhenger litt av vær, varme og klimasone, men 2 veker rundt sankthans er ein god hovudregel.
Bjørka døyr ikkje av neversanking, men den vil få eit varig merke på stamma, og den vil ha hemma vekst i nokre år mens den heilar. Etter nokre år vil du sjå at treet har byrja få ny never der du har sanka.
Neversanking inngår ikkje i allemannsretten, så spør grunneigar fyrst!
Det er fint å sanke i ein tett skog, der trea må langt for å finne lys, på den måten har du tre med lang stamme utan for mange sidegreiner.
Leit etter tre med lys bark, svarte område på barken kan vere vanskelege å bruke, særskild til fletting, men dei er også vanskelege å bruke i låsen på neverboks/ neversveiping.
Lys never, utan for store vannrette striper på nevera er det beste. Desse svarte stripene er ein god indikator for om nevera har god kvalitet! Sjå etter små korte striper.
Framgangsmåte:
Du skjærer eit loddrett snitt i nevera rett ned og riv av barken rundt treet. Prøv å ikkje skade barken (den brune laget under nevera). Under barken ligg veden. Fjerner du barken vil treet døy.
Ikkje skjær rundt stammen på treet, då vil du ringbarke treet, og det døyr, så skjær berre rett ned.
Lagring
Stable nevera med utside mot utside, og innside mot innside, og legg i press når du skal lagre den.
Nevera må stablast om etter nokre veker for å unngå muggdanning, og før betre tørking. Lagre gjerne i eit uthus, eller ein garasje, slik at den ikkje blir for tørr.
Kva gjev du attende. Resiprositet, og offergåve.
Eg plar spørje treet om lov fyrst, og eg tenker over om det er noko eg kan gje tilbake til naturen. Ei offergåve i dag ser kanskje ennleis ut enn for 200 år sidan, men eg tenkjer det framleis er like aktuellt. Kanskje kan det vere ein song, din tilstedeværen, å sanke med respekt, og skape bærekraftige produkt i motsetnad til plast. Ofte sankar eg søppel, som ein måte å gje noko attende. Vil du lese meir om «the honourable harvest» anbefaler eg boka «braiding sweetgrass» av Robin Wall Kimmerer, den er uendeleg vakker og aktuell på så mange plan.
Frå neversanking i Bø i Telemark med Mathilde Vikene og Kjell Bitustøyl.
Fr