Sanking av seljebark

Sanking av seljebark.

 

Videoen under viser sanking av seljebark i midt april i Bø i Telemark. Det er enno litt for tidleg, men eg ville lage videoen klar før sesongen så difor vart det slik!

Når?

Du kan sanke seljebark når trea byrjar å blader og gjennom sommaren. Så ein generell regel er mai – juli. Bur du i ein kaldare klimasone byrjar sesongen litt seinare. Barken skal løsne lett, det skal ikkje vere slik at du skal streve veldig med å rive den av greina.

 

Sanking, framgangsmåte

Spør grunneigar før du sankar frå levande tre.

Finn ei selje, og leit etter greiner som har lange parti utan sidegreiner, slik at du får lengst mogleg remser.

Tynne greiner er fine til å sanke tynn fleksibel bark til fletting, mens grovare greiner har grovare bark som kanskje er betre til å lage bark koppar. Prøv deg fram. Du kan flette eller lage beholdere med innsida eller utsida av barken ut.

Skjær eit snitt langs greina med ein spikkekniv. Du kan spikke ein grein til reiskap for å opne opp barken, eller du kan bruke ei skjei, kanskje går det også å berre bruke hendene til å løsne.

Tørking og oppbevaring

Du kan rulle saman barken med innsida ut og knyte dei saman før du tørkar barken.

Bløytlegging

Når du er klar til å flette må du bløytlegge barken. Du kan enten legge den i kaldt vatn over natta eller ein time i varmt vatn. 


Over ser du seljebark rullar til tørk.


Under er eit bilete av sanking av hassel bark. Framgangsmåten er lik.


Complete and Continue