Innhald Seteflett kurs
Du lærer om:
- Setevevingsteknikkar i planflett
- Ulike setevevingsmaterial
- Tvinne tråd av ulike naturfiber du kan sanke sjølv
- Fiskebeinsmønster
- Rutemønster
- Mange variasjonar av fletteteknikkane
- Korleis tilpasse seter på ulike type stolar
- Reparer seter i planflett, og generellt vedlikehald av sjøgrasseter
- Restaurering av ulike stolar før fletting, og tips til val av stolar.
Ja, alt du treng å vite for å flette masse ulike stolseter i planflett på brukte / nye stolar, eller krakkar! Du lærer også alt du treng for å kunne eksperimentere vidare heime med nye mønster.
Lykke til!
Kursinnhald
- Om sjøgras som materiale, og litt om sanking (6:27)
- Norsk ull frå telespinn (3:32)
- Ulike eksempel på stolseter i papirsnøre
- Stolsete i sisal
- Sisal som materiale (2:40)
- Tvinn din eigen tråd av lokale planter du kan sanke sjølv! (6:02)
- Stoffremser som materiale, "fillerye" aktig sete, og resirkulering. (3:57)
- Førebuing av materiale: sjøgras, og tips undervegs
- Knyte tråd, og starte på renning (6:03)
- Skjøte sjøgraset (2:17)
- Sette opp renning (4:03)
- Avslutning av renning, og klar før fletting (7:38)
- Flette sete del 1 (3:10)
- Skjøte tråd under fletting (2:36)
- Fortsette flette sete i fiskebeinsmønster (10:52)
- Repiter mønsteret, og litt yoga/hms! (3:21)
- Fletteselskap (17:13)
- Avslutte flettinga (2:54)
- Avslutning: Knute under og flett på undersida av setet. (4:31)
- Tips til veving på stolar
- Reparer eit stolsete: eksempel på fiskebeinsmønster (7:21)
- Om val av stol til setefletting. Ulike eksempel (9:10)
- Restaurere stol del 1 (3:02)
- Restaurere stol del 2; sett inn treplugg på lause tapper (6:20)
- Restaurere stol del 3; pusse, olje eller male (2:33)
- Restaurere stol del 4; sette saman stol, lime tappe osv. (2:35)
Kva treng du?
Stol / krakk
Ein stol eller krakk med 4 sprossar. (sjekk ut brukte jærstolar på finn.no for eksempel)
I kursinnhaldet kan du sjå ein open film om ulike stolar til seteveving, (trykk preview). Her får du meire info om kva du kan kikke etter!
Setevevings material
Du kan veve med mange ulike material. Til å starte med kan du sjekke ut sjøgress (rundt 3- 4,5 mm tykkelse) sisal eller papirsnøre (same tykkelse) eller ull frå telespinn. Dei sel teppegarn som er nydeleg å veve stolseter med, og dette kan fås i mange ulike fargar.
Alt dette kan du bestille på nett.
Treng du nokre verktøy?
Hender og ei saks! Ei heklenål og ei stor klype kan også vere kjekt.
Sjekk ut nettbutikken www.krokvokst.no her finn du nokre startkit til setefletting, men du kjem eigentleg ganske langt med berre eigne hender!