Velkommen!
Litt om dette kurset:
På dette kurset lærer du å flette ein vasketøyskorg som på bileta over.
Dette er "prosjektet", men du lærer samstundes teknikkar som kan varierast i det uendelege! Måla på trebunnen i prosjektet er 33cm x 23 cm, og det er bora hol til 30 staker.
Prosjekt vasketøyskorg:
- Korga er fletta på eit trebunn. Du kan bruke mange ulike material, respeplank osv.
- sag ut ynskja form.
- bor hol til staker
- Staker er festa i hola i trebunnen,
- og så er det fletta kimning
- enkel fransk sideflett
- ein ny kimning
- ein trippel fransk sideflett med tilbakeslag
- ein ny kimning
- før kanten er lagt med stakene.
- Til slutt er det satt inn grep i pil, men du kan også feste eit grep i lær om du ynskjer.
Eit prosjekt med mange variasjonsmuligheter, og perfekt for nybegynnere.
Å flette korger på trebunn er ein perfekt måte å starte korgfletting, om du ikkje har prøvd det før. Med ein trebunn får du ein veldig god og ryddig start på flettinga, og korga kan tilpasses mange ulike formar og størrelsar.
Det er mykje lettare å starte å flette på ein trebunn, enn det er å flette ein bunn frå starten. Men det grever sjølvsagt at du kan sage ut og bore nokre hol i ei treplate.
Du kan bruke alle teknikkane du lærer på dette kurset til å variere og flette ulike korger, høge, låge, store og små, ved å starte med ulik trebunn, og variere med dei fletteteknikkane du lærer.
PS! Del gjerne bilete frå prosessen med emneknaggen #krokvokstkurs
Det hadde vore så moro å sjå kva de lagar der ute, og det er fint om me kan inspirere kvarandre til meire skaparglede!