Velkommen til nettkursa hos Krokvokst.

Her vil du finne kurs i ulike handverksprosjekt, du kan ta i ditt eige tempo der du bur!

Komande kurs blir lagt ut i februar/mars 2024:

  • Pileflett: Korgveske
  • Neverboks
  • Setefletting i ulike mønster og naturmaterial
  • Katalansk fat.

Det kjem fleire kurs i løpet av 2024, så meld deg gjerne på epostlista om du vil vite når nye kurs kjem! Planlagte kurs: Flett med seljebark, Skeispikking, og korger på trebunn.

Kurshaldar: Mari Fallet Mosand


Hei!


Eg heiter Mari Fallet Mosand, kjem frå Rauland, og har drive handverksbedriften Krokvokst i snart 10 år.

Eg har joba mykje med formidling av handverk, blandt anna i skule, kulturskule, USN og gjennom ulike kurs. Eg vil inspirere fleire til å bruke sine eigne hender, til skaparglede, og å skape vakre gjenstandar med lokale naturmaterial, med respekt for natur.

Eg håpar du vil prøve sjølv, og får glede av nokon av mine nettkurs!


Ekte handverk



Skap vakre gjenstandar med ei historie. Solide ting du kan bruke, som gjev kjensle av tilhørighet til eit landskap, med spor frå hender og natur.

Håp


Å skape noko med eigne hender gjev ei kjensle av håp, fordi me så konkret ser resultatet av det me gjer. Og me treng håp i verda me lev i dag, me må ikkje resignere, me kan skape ei betre framtid med respekt for menneske, og natur.


Å skape handlaga produkt i 2024 er ei motvekt til vår rovdrift av natur, og mot alt det masseproduserte og straumlinjeforma me ser i dagens samfunn, som fjernar oss frå naturen, som me jo også ER. Me er natur. Å ta seg tid, og å skape med respekt for naturmateriala me nyttar er ei vakker handling for framtida, der me spelar på lag med naturen, i naturleg resiprositet med alt det levande.


Vera her og no.

Når du arbeider med hendene, er du heilt nødt til å vera tilstades, med materialet, kropp og tankar.

Å kjenne tankane samle seg imens korga tek form er ei fantastisk kjensle!

Treng du materialer eller verktøy til nokon av kursa?

Sjekk ut www.krokvokst.no



Her finn du materialepakker til korgveske, neverboks, og du finn verktøyskit til setefletting og korgfletting.


Eg har eigentleg ikkje så veldig lyst til å selge pil, det er utruleg mykje jobb, men eg har veldig lyst til at du skal få gleden av å flette di heilt eigen korg! Så difor har eg laga materialepakkar som passar til kursa.

Det beste er jo om du vil ut i naturen og sanke sjølv! Det er så fint å vera med på heile prosessen frå skogen til ferdig produkt, den kjenslen kan ikkje kjøpast!