Sanking av materialar - resiprositet, tips og foto
På forrige "lesson" fekk du ei liste over materialar du treng til eit fat. Her vil eg vise nokre bilete frå sanking på hausten, og koma med nokon tips.
Resiprositet.
Spør treet om lov. <3 Uansett kva du trur på, så tenkjer eg det gjev ei fin samhørigheit til naturen, og ein respekt for natur og liv som me så sårt treng i vår tid. Å spørre gjer meg meire medviten kva eg tar, og kva eg gjev attende. Kanskje kan du gje ei lita gåve til fuglane med nokre frø, ein song, eller berre di tid og tilstedeværen? Ein gong kjente eg eit nei frå eit tre, eg skulle sanke greiner til eit undervisningsopplegg nær ein lavvo me brukar å gå til. Det eg oppdaga etterkvart var eit lite reir inni oretreet, med knøttsmå lyseblå egg i. Kanskje hadde eg sett det, utan å vera medviten, eller kanskje var det treet, det er ikkje så viktig. Det fine er jo at dei fleste ikkje vil øydelegge nokoså fint, det er berre at me treng å ta oss tid til å kjenne etter litt oftare, og vere tilstades i oss sjølve og i naturen, for å sjå alt det vakre.
Praktiske tips
Vidjer frå rot: Det kan vere lurt å kikke langs vegen. Her eg bur til dømes tar dei kantslåtten kvar haust, så det betyr at mange stadar er det masse renningar av ulike treslag som skyt fine lange greiner utan sideskudd frå rota. Det kan også vere mykje fint å hente langs traktorvegar, jordekanter eller i hogstfelt som har starte vekse opp att.
Du kan også klippe greiner frå større tre, eller tynne nokre buskar. Kjenner du nokon med hage har dei ofte meir enn nok å ta frå.
Her er nokre bilete frå skogen, og nokon frå vegkanten.