Kva treng eg av materialer?

Verktøy:

Ein beskjæringssaks. Felco nr 6 er veldig god. Og eigne hender!


Materialar:

Til eit katalansk fat treng du:

  • 2 - 3 lange tynne vidjer. 2 - 3 meter er fint.
  • 4 bunnstaker. Omlag ein blyant tykkelse, og ca 40 cm lange.
  • ca 30 vidjer til å flette med, litt mindre enn blyant tykkelse.
  • 4- 8 ekstra tynne og smidige vidjer, omlag 50 cm lange. (Til kryssflett eller kimning. (Fletta kant på fatet)


Du kan bruke mange ulike treslag, eksperimenter deg fram! Har du pil er det veldig fint og lettvint. Ein bunt på 2 m lang pil held til fleire fat. Det kan vere vel så interessant å sanke materialer til ditt fat, i ditt nærområde.

Allemannsretten i Noreg seier at du fritt kan sanke materialer og greiner som ligg på bakken, men ikkje frå levande tre. Så spør grunneigar og bruk sunn fornuft ;-) Eg plar spørre treet om lov fyrst, det er veldig fint. Mange materialar frå hagar er også gode å flette med. Prøv deg fram.

Det vanskelegaste er å finne materiale til er ringen. Sjå deg ekstra godt om etter materiale til ein god ring. Selje er eit godt tips, men mange treslag kan funke.=) Til flettinga av fatet kan mange treslag/ busker brukast, du treng berre tynne greiner som kan bøyes litt, ikkje tørre.

Del gjerne bilete frå prosessen eller ferdige fat! Tag gjerne bileta dine med #krokvokstkurs så kan me inspirere kvarandre!

Complete and Continue